Hopp til innhald

Mizoram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mizoram
delstat
Symbol
Forkorting: IN-MZ
Land  India
Hovudstad Aizawl
Areal 21 081 km²
Folketal 1 097 206 (2011)[1]
Grunnlagd 20. februar 1987
Språk Mizo, engelsk
Kart
Mizoram
23°22′N 92°48′E / 23.36°N 92.8°E / 23.36; 92.8
Wikimedia Commons: Mizoram

Mizoram er ein delstat i India, den sørlegaste av «dei sju søsterstatane» nordaust i landet. Staten grensar mot Assam og Manipur i nord, Burma i aust og sør, og Bangladesh og indiske Tripura i vest. Dei fleste innbygjarane i Mizoram er mizoar, ei austasiatisk folkegruppe. Mizoram er ei av tre indiske delstater med eit overtal av kristne.

Området hadde fram til 1890 ikkje nokon sentral administrasjon. Innbyggjarane levde i staden i rundt 300 sjølvstyrte byar. Mellom 1850 og 1890 annekterte britane området og inlemma det i den indiske kolonien. Administrativt låg nordre delen av området under Assam og den sørlege delen under Bengal. I 1898 blei delane slått saman til det Assam-styrde distriktet Lushai Hills. Namnet bygde på ei feilstaving av namnet til lusei, eit anna namn på mizo-folket.

I 1959 blei området råka av hungersnaud som følgje av den sykliske visninga til bambusen i området, kalla mautam. Ei gruppe leia av Pu Laldenga leia krav om hjelp og merksemd. Gruppa, etterkvart kjend som Mizo National Famine Front, gav mathjelp til folk og fekk brei støtte for krav om lausriving. I løpet av 1960-åra var det eit valdeleg opprør i området, og Aizawl blei bomba av den indiske hæren. Til slutt blei leiarane på kvar side einige om å gjera Lushai Hills til eit unionsterritorium, noko som skjedde i 1972. Den 20. februar 1987 blei regionen den 23. delstaten i India og tok namnet Mizoram.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mizoram
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.