Hopp til innhald

Karnataka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karnataka
ಕರ್ನಾಟಕ
delstat
Flagg
Symbol
Forkorting: IN-KA
Land  India
Del av Sør-India
Hovudstad Bangalore
Areal 191 791 km²
Folketal 61 130 704 (2011)[1]
Grunnlagd 1. november 1956
Språk Kannada
Kart
Karnataka
15°N 76°E / 15°N 76°E / 15; 76
Wikimedia Commons: Karnataka

Karnataka (kannada ಕರ್ನಾಟಕ karnātaka) er ein delstat i India. Karnataka blei danna som Mysore-staten i 1950 frå det tidlegare Mysore-riket. I 1956 blei han slått saman med dei kannadatalande delane av Madras- og Bombay-provinsane og Hyderabad-riket. Namnet blei forandra til Karnataka i 1973. Hovudstaden til Karnataka heiter Bangalore (kannada ಬೆ೦ಗಳೂರು bengaḻūru).

Namnet 'Karnataka' blei vald for delstaten fordi det var det gamle sanskrit-namnet for heimlandet til det kannadatalande folket. Tydinga til namnet er ikkje klar og det er blitt tolka på mange forskjellige måtar. Gamle tamilske tekstar hevdar at namnet kjem frå ಕಾರ್ ನಾಡು kār nādu som tyder 'det svarte landet', men det er rimelegare at namnet kjem frå ಕರು ನಾಡು karu nādu som tyder 'høglandet' – Karnataka ein ein av dei indiske delstatane som ligg høgast over havet.

Det har vore veldig mange dynasti som har herska over Karnataka. Fram til det 6. hundreåret fanst det mange små dynasti som herska over det lokale området sitt. Dei viktagaste var Ganga-dynastiet, som herska over Mysore, Kolar og nærområdet og Kadamba-dynastiet, som herska over Kanara, Kodagu, og nærområdet.

Det første storriket var Chalukya-dynastiet som styrte frå circa 550 e.Kr. til 750 e.Kr. Hovudstaden deira var Vatapi (moderne Badami i nord Karnataka). I 750 blei dei velta av det jainske Rashtrakuta-dynastiet som styrte til 973, då dei blei overvunne av ein Chalukya-prins som etablerte dynastiet sitt igjen.

I 1006 blei Hoysala-dynastiet til i Belur. Hoysalane og Chalukyane hadde mange krigar, og i 1190 blei Chalukya-dynastiet endeleg øydelagt. Hoysalane hadde makta til 1346, då Vijayanagara-riket overvann dei.

Vijayanagara-riket blei til i 1336 i Hampi i sentrale Karnataka. Dei blei snart det mektigaste riket i regionen og herska over nesten heile Sør-India, men blei overvunne av det muslmiske Bijapur-kongedømmet i 1565. Frå den tida herska mogul- og muslimske kongar over det nordlege Karnataka til det 19. hundreåret då ein stor del av landet blei annektert av Det britiske imperiet. Mysore-riket, som blei til i 1578, herska over det sørlege Karnataka til 1948 då det blei innlemma i India.

Innbyggjarar

[endre | endre wikiteksten]

Delstaten var laga for å bli heimlandet til alle kannadatalande folk i India, og dei fleste innbyggjarane har kannada som morsmål. Dei største minoritetsspråka er urdu (10 %), telugu (7,4 %), tulu (4,5 %), tamil (3,9 %) og marathi (3,7 %). Urdutalarane i Karnataka bruker ein forskjellig dialekt av urdu som heiter dakni og har forskjellig grammatik og ordforråd frå standard urdu. Mange av tamiltalarane i Karnataka bruker òg ein forskjellig dialekt av tamil som skilde seg frå standard tamil i det 14. hundreåret.

Jainismen var ein gong den største religionen i Karnataka, og mange av dei heilagaste jainske stadane er i Karnataka. Dei fleste folk i Karnataka er no hinduar, og omtrent 12 % er muslimar. Det finst enno nokre få jainar i Karnataka, men dei er ikkje ein stor minoritet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karnataka