Hopp til innhald

Kaveri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaveri
ಕಾವೇರಿ ನದಿ
காவேரி ஆறு
Kavery, Cauvery
Elv
Sivasamudramstryka i Kaveri i Karnataka.
Land  India
Statar Karnataka, Tamil Nadu, Puducherry
Region Sør-India
Byar Talakaveri
Lengd 765 km
Kjelde Talakaveri i Kodagu i Dei vestlege Ghatfjella
Munning Kaverideltaet i Bengalbukta
Kart
Kaveri
11°22′13″N 79°49′41″E / 11.370345°N 79.828105°E / 11.370345; 79.828105
Kart over løpet til Kaveri.
Kart over løpet til Kaveri.
Kart over løpet til Kaveri.
Wikimedia Commons: Kaveri

Kaveri er ei elv som renn gjennom Sør-India frå Dei vestlege Ghatfjella vest i landet til Bengalbukta i aust.[1] Ho er rundt 765 km lang.[1] Kaveri er ei heilag elv for hinduar, og blir som Godavari også kalla Dakshin Ganga ('Sør-Ganges').[1] Ho er særs viktig i tamilsk litteratur både som heilagdom og som landskapsbilete.[2]

Elva har utspring ved valfartsstaden Talakaveri som ligg rundt 1500 moh. i Brahmagiri i Dei vestlege Ghatfjella.[1] Ho har eit nedslagsfelt på rundt 71 700 km².[1]

Kaveri ved Tiruchchirappalli (Trichy) og Srirangam.

Elva renn hovudsakleg sør- og austover. Dei øvre delane er prega av stryk og bratte elvebreidder.[2] I Karnataka deler Kaveri seg dei heilage elveøyane Srirangapatnam og Sivasamudram, der ein også finn ei rekkje stryk som mellom anna er bygde ut til vasskraft.[2] I Tamil Nadu er ho oppdemd ved Mettur, både til vasskraft og til forbetra kunstig vatning.[2] Aust i Tamil Nadu dannar Kaveri ei ny heilag valfartsøy, Srirangam, ved Tiruchchirappalli. Her er ho blitt demd opp ved Grand Anicut i oldtida og på ny i 1836–38 (den nordlege Kollidam-delen).[2]

Ho munnar ut i Bengalbukta gjennom to hovudmunningar i Kaverideltaet.[1] Dette deltaet sør for Cuddalore er rundt 10 000 km² stort og er kjend som «hagen til Sør-India».[2] Kaveri er ei særs viktig kjelde til kunstig vatning, og har livnært både eldgamle sørindiske rike og moderne byar.[1]

Elva har mange bielvar, som Shimsha, Hemavati, Arkavathy, Kapila, Honnuhole, Lakshmana Tirtha, Kabini, Lokapavani, Bhavani, Noyyal og Amaravati.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Rivers of India, nih.ernet.in
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Kaveri River, britannica.com