HDMI
Utsjånad
![](https://cdn.statically.io/img/upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d6/HDMI_connector-male_2_sharp_PNr%C2%B00059.jpg/220px-HDMI_connector-male_2_sharp_PNr%C2%B00059.jpg)
High-Definition Multimedia Interface (HDMI) er eit breibandsamband (5 Gbit/s) som kan overføra både digital audio og video over same kabel. Ein kompakt 19-pinnar, 21 mm brei, kontakt vert nytta. Sjølv om det meste av kapasiteten vert nytta for å overføra digital video er det plass til 24-bit digital audio med tasteratar opp mot 192 kHz. Om ein nøyer seg med ein tasterate på 96 kHz er det plass til 8 kanalar. Ein enkelt kabel vil difor vera nok i dei fleste systema.
Kryptering
[endre | endre wikiteksten]For å forhindra kopiering vert datastraumen kryptert med High-bandwidth Digital Content Protection (HDCP). HDMI støttar og Consumer Electronics Control (CEC) og AV.link protokollane, så det vil ikkje vera behov for separate kontrollkablar mellom dei forskjellige komponentane.