News

WordPress 3.9.1 er ute, men ikkje ferdig omsett

WordPress 3.9.1 er ute, men ikkje ferdig omsett


Gode dykk: WordPress 3.9.1 er ute, slik at nynorskfolk skal kunna få dei nye funksjonane i programmet – men nynorskomsetjinga er ikkje fullført. Eg har ikkje hatt tid, og har berre snøgt fått sett gjennom dei omsetjingane andre har gjort.

Mellom linjene: Viss nokon har tid til å omsetja, er det flott. Då skal eg lova å godkjenne omsetjingar snøgt, og så byggjer me ei ny WordPress-utgåve når omsetjinga er meir komplett. Til så lenge har me i alle fall ein delvis ferdig 3.9.1.

6 svar til “WordPress 3.9.1 er ute, men ikkje ferdig omsett”

  1. Er det framgang på 4.0 utgåva?

  2. Framgang kan du sjå her: https://translate.wordpress.org/languages/nn
    Du kan og bidra på same staden 😉

  3. Hei!
    Det har ikkje vore stor aktivitet her i det siste. Så eg veit ikkje om dette er staden for å kome med ein kommentar. I desse dagar kan det vere plass nemne bruken på bruken av orda «å velja(e)» og «eit val» i nynorskutgåva av WordPress. Eg er på ingen måte skulert i språk, men så lang eg har funne ut skal vi halde g-en utanfor på nynorsk. Eg har funne velg, velgje og valg etter eit enkelt søk. Er det ein grunn for desse formene er brukt?

  4. Hei! Grunnen til at det er slik, må heilt enkelt vera slurv. Eg var ikkje klar over problemet, men skal sjå om eg får tid til å rette på dette. Takk for tilbakemelding!

  5. Hei att. No er dette retta opp, pluss ein del anna rusk med det same. Prøv gjerne, og sei kva du synest.

  6. Takk for at dette har vorte retta. Kva er enklaste måten å rette feil ein måtte finne i den nynorke omsettinga av WordPress?

Legg att eit svar