Hopp til innhald

Janata-partiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Janata Party)
Janata-partiet
LandIndia
Partileiar(ar)Morarji Desai
Grunnlagt1977
Nedlagt2013

Janatapartiet (engelsk Janata Party, 'Folkepartiet') er eit politisk parti i India grunnlagd i 1977 og slått saman med Bharatiya Janata-partiet i 2013. Janatapartiet blei grunnlagd av Jaya Prakash Narayan som ein valallianse mellom fleire opposisjonsgrupper mot Indira Gandhi sitt kongresspartistyre etter at unntakstilstanden i landet tok slutt, og blei det første partiet til å danna regjering utan Kongresspariet i eit sjølvstendig India.[1] Dei viktigaste opposisjonsgruppene i alliansen var Bharatiya Lok Dal, Bharatiya Jana Sangh, nokre sosialistparti og fleire utbrytarar frå Kongresspartiet.

Ved parlamentsvalet i 1977 stilte Janata-partiet opp under partinamnet til Bharatiya Lok Dal. Då partiet vann valet blei den parlamentariske leiaren Morarji Desai den første statsministeren i India som ikkje tilhøyrde Kongresspartiet. Charan Singh, partileiaren til Bharatiya Lok Dal, blei visestatsminister. Atal Bihari Vajpayee blei utanriksminister.

Jimmy Carter og Morarji Desai skriv under på New Delhi-deklarasjonen.

Ved makta utmerkte Janata-partiet seg særleg ved ein ny utanrikspolitikk. Tilhøvet til naboane Pakistan og Kina, som landet nyleg hadde hatt krigar med, blei betra. Landet gjenoppretta diplomatisk samband med Kina, og i 1979 drog Atal Bihari Vajpayee til Beijing og møtte kinesiske leiarar. Etter eit ønske om å vera heilt alliansefritt under den kalde krigen nærma landet seg også USA, som hadde gjeve støtte til Pakistan. I 1978 blei Jimmy Carter den første amerikanske presidenten til å koma på offisielt besøk til India. Landa blei einige om å forbetra handel og samarbeid om vitskap og teknologi.

Janata-partiet hadde mindre suksess med sine økonomiske reformer. Det la fram den sjette femårsplanen landet hadde hatt med mål om å auka jordbruksproduksjon og industri på landsbygda. For å styrka nasjonalt næringsliv la regjeringa ned krav om at fleirnasjonale selskap måtte inngå partnerskap med indiske selskap for å verka i landet. Dette førte til at fleire selskap som Coca-Cola og IBM forlét India.[2]

Partiet hadde makta i to år før det rivna av indre usemje. Alliansen femna om mange ulike politiske retningar, som sosialistar og fagforeiningsleiarar på eine sida og forretningsleiarar på den andre.[3] Sosialistar og sekulære medlemmer av alliansen hadde også vanskar med å godta hindutvarørsla som fleire medlemmer av det tidlegare Bharatiya Jana Sangh tilhøyrde. Då BJS-leiarar som Atal Bihari Vajpayee og Lal Krishna Advani fekk valet mellom å forlata den yttarleggåande hindutvarørsla Rashtriya Swayamsevak Sangh eller å forlata regjeringa, valde dei å forlata henne og partiet.

Ei anna viktig rift var mellom Morarji Desai og Charan Singh, som følte seg forbigått og makteslaus gjennom den hovudsakleg symbolske stillinga som visestatsminister.[4] Singh og BLD trekte seg også frå regjeringa, og 19. juli 1979 trekte Desai seg som statsminister. Charan Singh blei vald til ny statsminister, men hadde ikkje stor nok støtte. Etter å ha vend seg til Kongresspartiet til Indira Gandhi og blitt avvist, måtte han skriva ut nyval etter berre tre veker i stillinga.[3] Ved valet i 1980 hadde Janata-partiet kraftig tilbakegang, og tapte 172 parlamentssete.

Partiet har seinare danna fleire utbrytargrupper og bytta namn ei rekkje gonger. 11. august 2013 annonserte partileiaren Subramanian Swamy at Janata-partiet hadde slått seg saman med Bharatiya Janata-partiet etter eit møte med BJP-presidenten Rajnath Singh.[5]

  1. Singh, Kuldip (11 April 1995). «OBITUARY: Morarji Desai». London: The Independent. Henta 27. juni 2009. 
  2. Shashi Tharoor (2006). India: From Midnight To Millennium and Beyond. Arcade Publishing. s. 164–66. ISBN 978-1-55970-803-6. 
  3. 3,0 3,1 «The Rise of Indira Gandhi». Library of Congress Country Studies. Henta 27. juni 2009. 
  4. «Morarji, Charan Singh waited for each other to die: Book». The Indian Express. 11 November 2008. Henta 27. juni 2009.  (daud lenkje)
  5. Balchand, K. (11 August 2013). «Swamy merges Janata Party with BJP». The Hindu (Chennai, India). ; «The Times of India». The Times Of India. ; Subramanian Swamy's Janata Party merges with Bharatiya Janata Party, NDTV.com

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]